No går det an å ha arrangement på offentleg stad med inntil 50 deltakarar. Her ser du kva du som arrangør i Tysvær må sikre. 

I Noreg er det no generelt høve til arrangement på offentleg stad med inntil 50 personar, viss der er ein ansvarleg arrangør som sikrar godt smittevern. 

Kva betyr det i praksis? 

Nedanfor ser du kva du må sørge for dersom du er arrangør i Tysvær.

  • Arrangementet skal vere på ein offentleg stad.
  • Det skal vere ein namngjeven ansvarleg arrangør. 
  • Arrangøren skal ha oversikt over kven som er tilstades, for å kunne bistå ved ein eventuell seinere smitteoppsporing. Dersom det for å finne tilbake til deltakarane er nødvendig å nedtekne ein eigen oversikt, skal denne slettast etter 10 dagar.
  • Det skal vere ein meters avstand mellom deltakarane. Dei som tilhøyrer same hustand / bur saman kan sitte saman. 
  • Lokalet skal reingjerast før og etter bruk. Det skal leggast vekt på godt overflatereinhald og godt reinhald av toalett for å unngå kontaktsmitte. 
  • Personar med forkjølingssymptom eller luftvegsinfeksjonar har ikkje løyve å delta. Du skal ha vore frisk i minst eit døgn etter førkjøling/luftvegsinfeksjon før du kan delta. 
  • Alle som deltek skal utføre god handvask/spritvask før dei går inn i lokalet, og når dei forlet lokalet. 
  • Mat må serverast porsjonsvis
  • Kaffekanner skal ikkje sirkulere på borda. Kaffi kan serverast frå ei kanne av ein person per kanne. 
  • Ved billettsal/loddsal skal det ikkje nyttast kontantar, berre Vipps eller anna kontantfri betaling. Det skal ikkje sendast rundt loddbøker. Berre ein person kan skrive i ei bok.

Dersom desse reglane vert følgde, sikrar det godt smittevern for alle som deltek. Det er arrangør som har ansvar for å at dette blir overholdt og informasjon utad til deltakarane. 

Arrangementene er ikkje søknadspliktige, men ein kan be om veiledning frå kommunen ved behov.

Reglane kan verte endra når helsestyresmaktene endrar tilrådingane.

Les meir om planlegging, risikovurdering og organisering av slike arrangement på FHI sine sider

Norske konsertarrangører har utarbeida ein smittevernveileder for konsertar og arrangement under covid-19-utbruddet