Tysvær kommune har inngått samarbeid med Sveio og Bokn, og har saman opna ei koronaavdeling ved Sveio omsorgssenter. 

Avdelinga har 14 rom, og det vil vera mogleg for bruk av dobbeltrom. Her vil koronasmitta sjukeheimspasientar få eit godt tenestetilbod, og det vil vera gode rutinar for smittehandtering både for pasientane og for dei tilsette.

Marianne Bjelland, tidlegare leiar for Tenestekontoret i Sveio, er tilsett som avdelingsleiar for den nye avdelinga. Ho har gjort eit godt arbeid med å planlegge drift, og avdelinga er klar for å ta imot pasientar i dag. Avdelinga vil bli bemanna av tilsette frå både Sveio, Tysvær og Bokn.

Mange tilsette frå ulike sektorar har på kort tid deltatt i arbeidet med å etablera den nye avdelinga, og dei har alle gjort ein fantastisk innsats!

Under er eit knippe bilete av den nye avdelinga, tatt av kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio.