Nå er Norge i krise. Hovudmålet nå er å hindre smitte og samtidig oppretthalde livsnødvendige oppgåver i samfunnet.

Dei fleste som får helsetenester i heimen høyrer til i risikogruppe som det er særleg viktig å hindre smitte hos. Det handlar om å organisere arbeidet slik at det er minst muleg kontaktpunkt og dermed minst muleg risiko for smitte. Derfor må kommunen nå gjennomgå tenestetilbodet for å sikra at kommunen har ressursar til dei som treng det aller mest nå.

Kommunen ber om ekstra innsats frå pårørande der det er mogleg

Kommunen vil oppfordre  pårørande  som er friske og som ikkje er i karantene, om å vurdere om det er muleg å ta ein ekstra innsats. Vi ber deg vurdere saman med den du er pårørande til, om ein kan klare seg med mindre hjelp frå kommunen. Dette av omsyn til den enkelte for å redusera smittefaren, men også til å ha nok ressursar til dei mest nødvendige helsetenestene. Dette er heilt nødvendig å sjekka ut slik situasjonen er nå. Kommunen er i gang med å ta kontakt med kvar og ein det gjeld om reduserte tenester.

Det er viktig å presisere at kvar og ein skal få nødvendig helsehjelp, men nokon brukarar har enkle tenester som t.d. praktisk bistand eller enkelte heimesjukepleieoppdrag, og desse vil kunne oppleve at tilbodet vert redusert for ein periode. Den enkelte blir spurt om du har andre som kan hjelpe med desse oppgåvene. Ikkje alle har personar tilgjengeleg i nettverket sitt. Nokon har få eller ingen. Desse må kommunen nå prioritere framfor dei som har mange. Det kan også tenkast at enkelte får tilbod om hjelp på ein annan måte, det kan vere frivillige som stiller seg til disposisjon. Kommunen ber no frivillige om å registrere seg slik at vi kan forsøke å koble behov og ønske om å hjelpe. 

Oppfordringa til alle innbyggarar er: ta ein telefon – ring ein venn – ring ein ny venn!

I denne situasjonen kan det vere mange som blir redde og synes situasjonen er vanskeleg. I tillegg til praktiske utfordringar kan det fort bli intenst med mykje fokus på korona. Særleg kan dette gjelde personar som er einsame, bur åleine eller som frå før av har utfordringar eller påkjenningar på ulikt vis. Kjenner du nokon som har det slik? Veit du om nokon? Ta tid til å ringe nokon du ikkje pleier å ringe til. Høyr korleis det går? Er den du ringer til i karantene? Går det greitt? Ein drøs kan vere eit viktig bidrag i seg sjølv. Det kan vere helsebringande. Nå er det tid for å hjelpe kvarandre.

Frivillig personell i kommunen

Det er no altså gitt anledning til å melde seg til disposisjon for å hjelpe, både helsepersonell og andre som vil hjelpe til. Me veit at mange er i gang allereie. Det er flott! Me veit at Tysværbuen stiller opp for kvarandre! Det er også anledning til å melde behov for hjelp og assistanse av ulik art til kommunen - sjå vår samleside for meir informasjon: www.tysver.kommune.no/korona

 
parorende