No kan du kommunisere døgnet rundt med chatroboten Kommune-Kari

I starten er Kommune-Kari under opplæring, og svarar så godt ho kan på spørsmål om kommunale tenester og anna informasjon. Dersom du ikkje finn den informasjonen du søkjer, kan du framleis bruke nettstadens søkjemotor.  

Kommune-Kari er ein database der det til no er lagt inn rundt 650 lokale svar eller lenker til informasjon om tenestene i Tysvær kommune. Svara Kommune-Kari gir, kjem frå ein felles database som pr. i dag har om lag 7000 svar. Vi jobbar kontinuerleg med å legge inn rett informasjon om kommunen og våre tenestetilbod.

Eitt av måla med Kommune-Kari er å gje innbyggjarane tilgang til informasjon heile døgnet, uten å måtte ringe, sende e-post eller søkje opp informasjonen sjølv. Kommune-Kari fungerer like godt på datamaskin, nettbrett og smarttelefon.

Ynskjer du til dømes å vite åpningstidene for bibliotek eller symjehall, kan du spørre Kari.

Hjelp oss å gjere Kari bedre!

Kommune-Kari vil vere i stadig utvikling, og vi treng di hjelp framover for å gjere henne best mogeleg. Jo meir de spør henne, jo smartare blir ho.

Er du misfornøgd eller fornøgd med svara, kan du enten gje tommel opp eller tommel ned. Tommel ned vil hjelpe oss i opplæringa av Kari. Vi vil forløpande mate henne med informasjon, slik at ho blir flinkare å svare.

Digital satsing

Tysvær kommune satsar på digitalisering, og jobbar for å gjere tenestene våre så tilgjengelege og effektive som mogeleg. Vi ynskjer at innbyggjarane i størst mogeleg grad skal kunne betjene seg sjølv, og her spelar gode digitale verktøy ei stor rolle.

 

karichat