Tysvær kommune har fått kartlagt alle vegstrekningane i kommunen, og desse er nå tilgjengeleg på https://www.vegkart.no

I dei ulike karta finn ein detaljar som både kan avklare enkle saker, men også nyttast når ein har bruk for ein god oversikt i meir utfordrande samfunnsmessige problem.

Det som er unikt er at ein ved å krysse av og ta bort vil kunne finne fram til akkurat det ein lurer på. Det gjeld alt frå fartshumpar til vedlikehald på vegane. Det er liste over kvaliteten på vegnettet i kommunen, og ein kan også bla seg fram til når det blei asfaltert. Vi har også lagt inn alle kummar, lys, sykkelvegar og liknande, noko som gir mange ein oversikt over korleis det er der dei bur. Ein slik oversikt er det faktisk mange som har nytte av og at fleire kan klare seg sjølv.

Vi får stadig inn spørsmål til teknisk som ein nå kan finne i dette kartet. Det kan vere om det er privatveg, fylkeskommunal, eller kommunal veg. Likevel er det nok standard på vegstrekningar som folk er mest opptatt av. I kartet kan ein lese at det er fleire strekningar med kritisk dårleg vegbane, og fleire mil med stor skade. Så kan ein klikke vidare og sjå kven som eig desse strekningane. Slik informasjon kan vere til stor nytte, også for oss i kommunen.

Eit av områda ein nå får statistikk på er trafikkulykker i Tysvær. Det er slik at dei ulykkene med personskade blir registrert. Då kan ein ved hjelp av kartet basere diskusjonar om trafikksikring med fakta på bordet, og ikkje berre synsing. Ved eit enkelt klikk får ein også opp all offentleg informasjon om ulykka. Kva type kjøretøy, vêr og om det var glatt. Slikt er det sjølvsagt mange instansar som kan ha nytte av.

Direkte lenker til alle kartleggingane finn du her

 

kartlegging2