Er du over 65 år men elles frisk? Har du barn med astma? Då kan du få influensavaksine på helsestasjonen i Aksdal:

Onsdag 7. november 2018 kl 16 – 18
Torsdag 8. november 2018 kl 16 – 18


Kvifor influensavaksinasjon til friske personar over 65 år?

Årleg vaksinasjon fungerer omtrent som pensjonssparing – ved årlege investeringar kan du ta ut utbyttet når du treng det. Dersom du venter med influensavaksinasjon til du er 80 år, er immunapparatet for svakt til å respondera på vaksinasjonen.

Influensaviruset endrer seg litt fra år til år – derfor må vaksinen endrast og setjast på ny kvart år.

Influensa er ei hard påkjenning for heile kroppen og kan føra til komplikasjonar i ei rekke organ med langvarig rekonvalesens også for elles friske personar – og langvarig sjukdom passer alltid dårleg.

Vaksinasjon sparer deg for kompliserande sjukdom og bruk av antibiotika. Redusert bruk av antibiotika fører til mindre resistensproblem.

Dersom 70% av innbyggjarane vaksinerer seg mot influensa, kan epidemiane stoppast.

Dersom du har kronisk sjukdom og bruker faste medisiner skal du ta kontakt med din fastlege for influensavaksinasjon.

Ved kronisk sjukdom vil fastlegen vurdera om du treng andre vaksinar i tillegg til influensavaksinen.

 

vaccination2