Ettermiddagstilbod på helsestasjonen i Aksdal:

  • Er du over 65 år men ellers frisk?
  • Har du barn med astma?

Då kan du får influensavaksine på Helsestasjonen i Aksdal: 

Onsdag 01. november, kl 16 – 18
Torsdag 02. november, kl 16 – 18

Kvifor influensavaksinasjon til friske personar over 65 år?

  1. Årleg vaksinasjon fungerer omtrent som pensjonssparing – ved årlege investeringar kan du ta ut utbyttet når du treng det. Dersom du venter med influensavaksinasjon til du er 80 år, er immunapparatet for svakt til å respondera på vaksinasjonen.
  2. Influensaviruset endrer seg litt fra år til år – derfor må vaksinen endrast og setjast på ny kvart år.
  3. Influensa er ei hard påkjenning for kroppen og kan føra til langvarig rekonvalesens og til dels alvorleg sjukdom også for friske personar – og langvarig sjukdom passer alltid dårleg.
  4. Vaksinasjon sparer deg for sjukdom og bruk av antibiotika. Redusert bruk av antibiotika fører til mindre resistensproblem.
  5. Dersom 70% av innbyggjarane vaksinerer seg mot influensa, kan epidemiane stoppast.

Vaksinasjonsdagane er opne for risikogruppene barn og vaksne med:

  • diabetes mellitus, type 1 og 2
  • kronisk luftvegssjukdom
  • kronisk hjerte- og karsjukdom
  • kronisk leversvikt
  • kronisk nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • nedsatt immunforsvar
  • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
  • annan alvorlig eller kronisk sjukdom
  • gravide fra 12. svangerskapsuke


Dersom du har kronisk sjukdom og bruker faste medisiner skal du ta kontakt med din fastlege for influensavaksinasjon. Ved kronisk sjukdom vil fastlegen vurdera om du treng andre vaksinar i tillegg til influensavaksinen.