Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) har sendt på høyring konsesjonssøknad frå Haugaland Kraft Nett AS om å endre løyve til å bygge ein ny om lag 7,3 km lang 132 kV kraftleidning mellom Klovning transformatorstasjon og Haugaland Næringspark. Endringa inneberer at ca. 320 meter med jordkabel og ca. 1,3 km med luftleidning erstattast med ca. 1,7 km jordkabel.

Haugaland Kraft Nett søkjer òg om ekspropriasjonsløyve for naudsynte grunn og rettar for å byggje og drive dei elektriske anlegga, inkludert rett til all naudsynt ferdsel/transport. Samstundes søkjer Haugaland Kraft Nett om førehandstiltreding som inneber at grunn og tilkomstrett kan takast i bruk før skjøn er halde.

Meir informasjon i saka kan ein finne på NVE sine nettsider her.

Eventuelle merknader må sendast til NVE, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO innan 1. september 2020.

Haugaland Næringspark