Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing frå Haugaland Kraft Nett AS for ein ny 66(132) kV-luftleidning på strekninga Ølen–Våg–Bratthammar i Tysvær og Vindafjord kommunar i Rogaland fylke. Grunngjevinga for søknaden er at dagens 66 kV-leidningar er gamle og nærmar seg utgått teknisk levetid.

Det blir invitert til folkemøte om saka onsdag 19.juni, kl 19.00 i Skjold Arena (Vikanesvegen i Skjold).

På møtet vil NVE orientere om den formelle handsaminga av søknaden, medan Haugaland Kraft Nett vil orientere om prosjektet. Alle er velkomne til møtet. Søknaden er lagd ut til offentleg gjennomsyn i Tysvær og Vindafjord kommunar. Dokumenta er også lagt ut elektronisk på www.nve.no/kraftledninger. For nærare opplysningar kontakt NVE v/ Lars Seim på tlf. 22 95 98 74. Alle som har meiningar om saka kan sende uttale til Noregs vassdrags og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Høyringsfrist er 16.08.2019.

 

Bilde Ølen   Våg   Bratthammar