NVE har motteke konsesjonssøknad frå Haugaland Kraft Nett AS for ein ny 132 kV leidning mellom Klovning transformatorstasjon og Haugaland Næringspark, og ny Haugaland Næringspark transformatorstasjon.

Haugland Kraft Nett fekk i 2014 løyve til å byggje ein ny 66 kV leidning mellom Klovning og Haugaland Næringspark, og ein ny transformatorstasjon i næringsparken. Det syner seg no å vere naudsynt å byggje denne leidningen med 132 kV spenning og å flytte noko på lokaliseringa av transformatorstasjonen innanfor areala til næringsparken. 

Haugland Kraft Nett søkjer òg om oreigningsløyve etter oreingingslova for naudsynt grunn og rett for å byggje og drive anlegga, og dei søkjer samstundes om førehandstiltreding av areala. 

Søknaden kan du lese på NVE sine nettsider her.

Eventuelle merknader kan sendast som e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller som brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO.

På NVE sine nettsider er det også skjema for merknader.

Høyringsfrist er 20.mai 2019.

 

Ny 132 kv