Kommuneplanutvalet i Tysvær vedtok i møte den 21.11.2017 at forslag til ny trafikksikringsplan skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget baserar seg på vedtatt planprogram, og bygger i tillegg på gjeldande plan og mal for trafikksikringsplan i frå Trygg Trafikk. Kommunen har mange «rollar» i trafikksikringsarbeidet. Kommunen er blant anna vegeigar, planleggar, arbeidsgjevar, og eigar og driftar av barnehagar og skular. 

Forslag til plan og vedlegg kan du lese her:

Saksframlegg - Forslag til ny TS-plan

Forslag til ny TS-plan - Høyringsutkast nov 2017

Vedlegg 1 Handlingsplan del 1

Vedlegg 2 Handlingsplan del 2

Vedlegg 3 Kartblader

Vedlegg 4 Informasjon om trafikksikker kommune

Innspel i samband med planprogram samanstilt


Dokumenta ligg også ute til offentleg ettersyn i Servicetorget på rådhuset i Aksdal.

Innspel og merknader kan sendast til Tysvær kommune ref 2016/975, Postboks 94, 5575 Aksdal, eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Ein kan også kome med merknader via vårt elektroniske skjema her >>

Høyringsfrist er sett til 01.03.2018.

Kommunen har også tatt i bruk den elektronisk kartløysninga MyCity for å samle innspel;

http://tysvaer.mycity.io/#