Det var ei hending utanfor Aksdal Senter måndag 04.11.19, som kan ha vore skremmande for nokon. Kanskje også fordi det pågår ei rettsak i Haugesund nå.

Når ein har opplevd noko som gjer ein urolig kan det være godt å snakke med nokon ein har tillit til. Det kan være familien, venner eller nokon ein kjenner.

Det er også mogleg å snakke med helsepersonell, til dømes helsesjukepleiar i skulehelsetenesta.

Tysvær kommune har også personell og teneste med særleg kunnskap om psykososialt krisearbeid.

Psykisk helseteneste kan kontaktast på 52758917 eller 93216676, https://www.tysver.kommune.no/helse-og-omsorg/279-psykisk-helseteneste-2018