Haustferie på Tysvær bibliotek

Ingen treng å kjede seg i haustferien, på Tysvær bibliotek skjer det spennande ting kvar dag! Alle aktivitetane er gratis, men husk å ta ut gratisbillett før du kjem.

Haustferie på Tysvær bibliotek

Haustferie på Tysvær bibliotek
Dato Aktivitet Lenke til gratisbillett
Mandag 10. oktober kl. 11, 12 og 13 Lær meir om naturvennlige hagar og bygging av pinnsvinhus saman med Naturvernforbundet. Hent ut gratisbillett
Tirsdag 11. oktober kl. 11 og 12:30 Prøv vinyltrykk! Lag ditt eige kule trykk på gymbag, som du får hos oss. Om du vil trykke på andre ting, som for eksempel ei t-skjorte må du ta den med deg heimefrå. Hent ut gratisbillett
Onsdag 12. oktober kl. 11, 12 og 13 Lag ditt eige armband! Du kan bruke perler eller flette med tråd. (max 2 til kvar) Hent ut gratisbillett
Torsdag 13. oktober kl. 11 og 12:30 Har du lyst å prøve å sy på symaskin? Me har litt stoff, men det er fint om du kan ta med deg eit brukt klesplagg som me kan klippe i, -gjerne ei t-skjorte, skjorte, putevar eller liknande i ein farge du liker. Me syr enkle halsar og hårstrikker. Hent ut gratisbillett
Mandag - fredag 10. - 14. oktober kl. 10-14 Ulike aktivitetar i biblioteket som; Perling, lag eit bokmerke, lage buttons, teiknebord. Ingen påmelding

Malepensler med ulike farger - Klikk for stort bilde