Har du målt radonnivået i huset der du bur? Dette er ein anbefaling frå Statens Strålevern, då høg konsentrasjon av radon aukar risikoen for lungekreft. Å måle er både enkelt og rimelig, og bør gjerast i løpet av vinterhalvåret.

Radon er ein usynleg og luktfri gass, som blir danna kontinuerleg i jordskorpa. Utandørs vil radonkonsentrasjonen normalt vere låg, og helsefare oppstår først når gassen siv inn og blir konsentrert opp i innemiljøet. Risikoaukinga blir bestemt av kor lang tid ein blir utsatt for radon og av kor høgt radonnivået er.

Det er enkelt å måle radon, og dersom nivåa skulle vise seg å vere for høge, er det effektive radonreduserande tiltak. Tysvær kommune har valt å samarbeide med ein leverandør for å forenkle arbeidet med kartlegging av radon i kommunen, og ein anbefalar alle husegerar til å få målt radonkonsentrasjon i sine bygg.

Bestillingsskjema hos Radonor for innbyggjerar i Tysvær kommune finn ein her.

Meir informasjon finn du på Statens strålevern sine nettsider.