Tysvær kommune har for tida forseinka saksbehandlingtid når det gjeld byggesaker og delesaker. Vi slit også med å behandle/svare på andre spørsmål om byggesaker.

I mai tok vi i bruk nytt sak- og arkivsystem, som ga oss større utfordringar enn forventa. Omlegginga har ført til at saksbehandlarane på teknisk ikkje klarer å ta unna alle søknader så raskt som tidlegare. I tillegg er sommarmånadane høgsesong for byggesaker, samt at saksbehandlarane også skal avvikle ferie.

Dei som har søkt om godkjenning eller tillatelse i juni, kan dessverre ikkje rekne med å få svar før utgangen av august.

Vi beklagar dette, men kan forsikre om at saksbehandlarane gjer alt dei kan for å behandle søknader og forespørslar så raskt som mogeleg.


Byggesaksbilde