Tysvær kommune har ved ein feil sendt ut brukarnavn og passord til personar som har søkt jobb/tidligare hatt jobb i Tysvær kommune i tidsrommet 2010 – 2019.

Opplysningane  er sendt kun til den som har motteke meldinga. Utsendinga er ein brukarfeil, og ikkje spam. Personvernombodet er rutinemessig varsla, og det foreligg ingen brot på personopplysningslova i og med at opplysningane kun er sendt til den som eig opplysningane.

Tysvær kommune beklagar utsendinga på det sterkaste.