Kommunestyret vedtok den 08.05.2018, sak 31/18, ny trafikksikringsplan for Tysvær kommune.

Dette er Tysvær kommune sin trafikksikringsplan nr 3, og det er ein revidert versjon av den planen som vart vedteken i 2010.

Det er mange gode grunnar til at kommunen utarbeider TS-plan. Den viktigaste er at vi gjennom planarbeidet får retta merksemda mot ulykkene som skjer i trafikken, vi får avklart betre kor problempunkta finst, og vi får drøfta kva vi kan gjere. Planen skal gi oss eit oppdatert grunnlag for å prioritere og utarbeide handlingsplan. TS-planen er kommunen sitt offisielle strategidokument på området og blir brukt i budsjettsamanheng, ved søknad om TS-midlar frå stat og fylke, ved drøftingar omkring konkrete tiltak, osv.

Planen med tilhøyrande dokument kan ein lese under.

Særutskrift - Fastsetting av trafikksikringsplan Tysvær kommune

Trafikksikringsplan Tysvær kommune - vedtatt 08.05.2018

Vedlegg 1 - Handlingsplan del 1

Vedlegg 2 - Handlingsplan del 2

Vedlegg 3 - Kartblader

Vedlegg 4 - Informasjon om Trafikksikker kommune