Vi vil minne om at det er høve til å søkje erstatning for avlingssvikt på grunn av klima. Søknadsfristen er 31. oktober. På grunn av den særleg vanskelege økonomiske situasjonen mange bønder opplever i år er det allereie no høve til å søkje forskot på forventa erstatning. Ein kan då få utbetalt inntil 70% av berekna erstatning. For å kunne søkje forskot må ein bruke søknadssystemet ELF. Under feltet «skadeårsak» må ein fylle ut kor mange % forskotsutbetaling ein søkjer om i ein eigen rubrikk. Ein må opplyse om areal og sannsynleggjere forventa avling per daa i skadeåret. Det er viktig å merke at forskotsbetaling kan bli trekt tilbake dersom den endelege erstatningsberekninga gjev eit lågare beløp enn det som er utbetalt i forskot. I områda som er råka av tørke er dette god nok dokumentasjon, og det er ikkje krav om at kommunen kontrollerer areala.

Nærare informasjon finst her:
https://www.landbruksdirektoratet.no/no/erstatning/klimabetingende-skader/avlingssvikt/presiseringer-knyttet-til-avlingsskadesituasjonen
https://www.landbruksdirektoratet.no/no/erstatning/klimabetingende-skader/avlingssvikt/hvordan-soke