DU er eit kurs der du lærer å forstå kva som skjer når du er nedstemd, og metodar for å meistre dette.

Kurset er basert på kognitiv sosial læringsteori, og legg vekt på korleis tanke- og handlingsmønster påverkar følelsar.

Kurset går over 9 gonger og kvar kurssamling varer 1,5 t. Mellom samlingane trener du på det du har lært, for å bli vant til å bruka metodane. Alle får ei kursbok, og kurset baserer seg på denne og på arbeidet i gruppa der andre ungdomar deltar i felles refleksjonar.

Alle samtykkar i at ein ikkje fortel vidare det andre deltakarar måtte fortella om seg sjølv på kurset.

Innhald i kursbok:

  • Korleis følelsar oppstår
  • Situasjonar og tankar som kan gi tristhet
  • Å styra følelsar med tankar
  • Å styra følelsar med handlingar
  • Å tenka på bedre måtar
  • Trening i uvante tankar: Positiv tenking og kontakt
  • Bedre kontakt med andre
  • Meistring og kognitive teknikkar
  • Dagleg bruk av metodane: Arbeid og øving
  • Dagleg bruk av metodane: Arbeid og øving. Avslutning

Tid: torsdagar kl. 1530-1700

Oppstart: 13. februar 2020
Deretter: 5. mars, 12. mars, 19. mars, 26. mars, 2. april, 16. april, 23. april og 30. april.

Alder: 10. trinn til og med 20 år

Mat: Det blir servert enkel brødmat. Gi beskjed om du har allergiar.

Kurset er gratis

Stad: Kjellaren på helsestasjonen, same inngang som legesenteret i Aksdal


Kursbrosjyre finner du her
 

For påmelding eller spørsmål:

Audhild D Frøyland tlf 905 57 986
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Bodil Valen tlf 954 44 668

 

DU brosjyreFoto: Pexels.com