DU er eit kurs der målet er å forstå kva som skjer ved nedstemthet, og lære metodar for meistra nedstemthet ved å bryta skadelege mønster.

Kurset er basert på kognitiv sosial læringsteori, og legg vekt på korleis tanke- og handlingsmønster påvirkar følelsar.

Kurset går over 10 gonger og kvar kurssamling varer 1,5 t. Mellom samlingane trener du på det du har lært, for å bli vant til å bruka metodane. Alle får ei kursbok, og kurset baserer seg på denne og på arbeidet i gruppa der andre ungdomar deltar i felles refleksjonar.

Alle samtykkar i at ein ikkje fortel vidare det andre deltakarar måtte fortella om seg sjølv på kurset.

Innhald i kursbok:

  • Korleis følelsar oppstår
  • Situasjonar og tankar som kan gi tristhet
  • Å styra følelsar med tankar
  • Å styra følelsar med handlingar
  • Å tenka på bedre måtar
  • Trening i uvante tankar: Positiv tenking og kontakt
  • Bedre kontakt med andre
  • Meistring og kognitive teknikkar
  • Dagleg bruk av metodane: Arbeid og øving
  • Dagleg bruk av metodane: Arbeid og øving. Avslutning

Tid: tirsdagar kl. 1530-1700

Alder: 8.trinn -2.vgs

Oppstart: 5. februar-19
Deretter 12/2, 19/2, 5/3, 12/3, 19/3, 26/3, 2/4, 9/4 og 16/4

Mat:
Wrap - gi beskjed dersom v/allergiar

Kurset er gratis

Stad: Kjellaren på helsestasjonen, same inngang som legesenteret i Aksdal

For påmelding eller spørsmål:

Audhild D Frøyland tlf 905 57 986
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Bodil Valen tlf 954 44 668

Barn/familieteam – psykisk helse i helsestasjon/skulehelsetenesta

 

sad girl