Tysvær Formannskap behandla budsjett 2018 og økonomiplan 2018 – 2021  i sitt møte 28. november. Det blei lagt fram 2 budsjettforslag som alle tek utgangspunkt i rådmannens budsjettframlegg, og der endringane til rådmannens framlegg går fram av framlegga.

Anita Halsnes, Ap, sette fram fellesforslag til endring av rådmannen sitt framlegg, på vegne av Ap, H, KrF, Sp og Venstre.

Randi Rettedal, FrP, sette fram forslag til endring av rådmannen sitt framlegg, på vegne av Fremskrittspartiet .

Avrøysting:

Rådmannen sitt framlegg fekk ingen røyster.

Anita Halsnes, Ap, sitt fremsette fellesforslag fekk 8 røyster: Sigmund Lier, Anita Halsnes, Synnøve B. Lindanger, Ola Steinar Apeland, Arvid B. Bakken, Kristine Aurdal, Per J. Lyse og Svein Ivar Dybdahl.

Randi I. Rettedal, FrP, sitt framlegg fekk 1 røyst: Randi I. Rettedal

Formannskapet sitt vedtak og alle framlegg til budsjett framlagt i formannskapet legges til offentlig ettersyn i 14. dagar fram til kommunestyret skal behandle budsjettet 12. desember. Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2018 og økonomiplan 2018 – 2021 som alle forslag byggjer på ligg framme som del av dette offentlege ettersynet.  

pdf icon  Felles budsjettforslag 2018 Ap, H, V, Sp og Krf

pdf icon  Budsjettframlegg FrP