Blågrønalger – eller rettare cyanobakterier – kan føra til vassblomst i ferskvatn. Ta kontakt på vakttelefon 950 92 219 dersom du har mistanke om vassblomst.

Over alt

Cyanobakterier er til stades både i saltvatn og ferskvatn. Ved nok næring og varme kan det verta så store mengder at det oppstår tydeleg vassblomst. Vassblomst er synleg forureining i oveflata av vatnet – som oftast grønleg på farge.

Vassblomst

Ved gunstige tilhøve kan cyanobakterier auka raskt på i antal. Dette kan føra til at vatnet vert tydeleg mindre klart – og kanskje endrar farge til grønaktig, melkeaktig eller andre fargenyansar. I nokre høve flyt mikrobane opp og lagar ei tydeleg grumset hinne på vatnet – vassblomst.

Giftstoff

Cyanobakterier er i dei fleste høve ufarlege, men kan utan forvarsel starta med å produsera giftstoff. Dei produserer giftstoff som både kan gi akutt forgiftning og meir langsiktig giftverknad. Det er teoriar som set desse giftstoffa i samanheng med alvorlege sjukdommar som ALS, demens og Parkinsons sjukdom. ALS – amyotrofisk lateral sklerose – er ein dødeleg nevrologisk sjukdom som har auka på seinare år. Så langt har ein ikkje behandling som kan kurera desse sjukdommane.

Manglar oversikt

Me veit ikkje sikkert kor stort problemet med cyanobakterier er i vårt distrikt. Mattilsynet held nøye auge med drikkevasskjeldene våre, men badevatn og private drikkevasskjelder veit me lite om. Me har likevel rapportar om fiskedød, dødsfall hos storfe og akutte forgiftningar hos andre husdyr på Haugalandet.

Turgåarar kan hjelpa

Nordmenn er ivrige turgjengarar – så også på Haugalandet. Kommunane på Haugalandet og Mattilsynet vil derfor be om at turgjengarar som oppdager vassblomst – eller andre forandringar som kan vera cyanobakterier – tar kontakt. Dersom dei får tatt eit foto vil det vera til stor hjelp.

Ring vakttelefonen for vatn og avløp

Døgnopnen vakttelefon for vatn og avløp i Tysvær kommune: 950 92 219

Ein kan også bruka internettenesta «Meld Ein Feil»   https://meldenfeil.tysver.kommune.no/  Her kan ein også legge inn foto.

Varsling til innbyggjerar

Dersom det vert påvist cyanobakterier vil publikum verta informert om dette. Dersom det er fare for forgiftningar på menneske og dyr, vil det verta sendt ut varsling på SMS til aktuelle innbyggjerar.

Blue Green Algae Bloom