Tysvær barnevernteneste søker besøksheim til jente 12 år. Ho er ei aktiv jente som likar dans og dyr. Ho er også glad i både inne og ute aktivitetar. Det er ei jente som er kreativ, lett å bli kjend med og open. Jenta søkjer mykje merksemd og vaksenkontakt. Jenta er lojal, føl beskjedar og er til å stole på.

Krav til besøksheimen:

  • Har tålmod
  • Kapasitet og ressursar
  • God samarbeidsevne
  • Tydlege rammer og grenser
  • God struktur

Å vera besøksheim vil sei at ein tar i mot og opnar heimen sin for eit barn/ungdom eller søsken. Oftast er ein besøksheim ei helg i månaden. Det er ikkje krav om formell utdanning, men at du er personleg skikka blir vektlagt. Politiattest må framleggas.

Tysvær barnevernteneste treng besøksheim til andre barn også. Kunne du og fin familie tenkt dykk eit oppdrag som besøksheim? Eller vil dykk høyre meir om kva det vil seie? Ta kontakt med Beate H. Lindgren på tlf. 47 61 49 65 / 52 75 70 30.