Rundkøyring, kollektivterminal og innfartsparkering – alt skal vere ferdig i mars 2019.

Entreprenør Bertelsen & Garpestad AS har fått kontrakten, og bygger på vegne av Statens vegvesen.

Første salve blei fyrt av måndag 29. januar. Ordførar Sigmund Lier i Tysvær og seksjonssjef i Statens vegvesen, Ann Mari Hardeland, sto for markeringa.

Kva skal gjerast?

Hovudoppgåva er å bygge ny rundkøyring der E134 møter E39 i Aksdal, bygge ny kollektivterminal og innfartsparkering. Den nye rundkøyringa blir bygd med fem armar, og kjem til å betra framkomsten kraftig på E134 og E39. Kollektivterminalen blir universelt utforma og kan ta imot åtte bussar på same tid. Parkeringa får også veldig god tilkomst, fortel byggeleiar Børge Pettersen i Statens vegvesen.

Dette er litt av det entreprenøren skal gjere:

  • Sprenge 44.000 kubikkmeter med fjell
  • Asfaltere 20.000 kvadratmeter
  • I samarbeid med Tysvær kommune blir kommunale grøfter for vatn og avløp skifta
  • Det blir også montert nye gatelys

HMS er viktig

Entreprenør Bertelsen & Garpestad sin kontraktpris er 32,9 millionar kroner. Helse, miljø og sikkerhet (HMS) er svært viktig for Statens vegvesen og entreprenøren. Dei legg vekt på trygg ferdsel for trafikantar rundt anlegget.

Framover blir det ein del sprengingsarbeid, og vegen kan bli stengt i korte periodar. Entreprenøren kjem til å varsle i forkant, og vi ber trafikantar vise omsyn.

Naerinfo