Tysvær kommune tilbyr kurs i meistring av angst til personar med ulike angstplager. Kurset går over 8 samlingar a 2 timar inkl. pausar, samt ein oppfylgingssamling på eit seinare tidspunkt.

Meistringskurset er eit lågterskeltilbod for menneske med ulike plager innan angstspekteret (sosial fobi, agorafobi, panikklidelse, spesifikke fobiar). Aktuelle deltakarar har ein samtale i forkant av kurset kor formålet er å vurdere bl. a motivasjon for deltaking og omfang av symptom. I etterkant av vurderingssamtalen får ein stadfesta eventuell plass på kurset.

Kurset blir leia av to erfarne kurshaldarar, ein psykologspesialist og ein spesialsjukepleiar med viderutdanning innan psykisk helse.

Deltakarane får utdelt kursbok og vedlegg første kursdag, samt eit skriv med heimeoppgåver til kvar kursdag. For best mogeleg utbytte av kurset, forutsettes det at ein jobbar med heimeoppgåver mellom samlingane.

Kursstart

Fredag 22.02.19 kl 09 – 11. Deretter vekentlige samlinger til same tid om ikkje anna er avtalt.

Stad

Aksdal helsesenter, møterom i underetasjen. Inngong oppe via legesenteret, og ned trappa.

Pris

Kr 400,- for kursbok, kaffe, te og frukt for heile kurset.

Kurshaldarar

Psykologspesialist Marit Helene Johnsen
Spesialsjukepleier Marit B Sandvik

Kontaktpersonar som ein kan melda seg på hos;
Margun Susort mobil 93 21 66 02
Marit Bjøralt Sandvik mobil 40 41 91 05

 

 Tysvær logo black