Vedtak
Tatt til orientering
Behandling
Ordføreren sitt svar på interpellasjonen:
Kommunestyret vedtok i budsjett for 2016 å løyve midlar til nettoverføring av kommunestyremøta. Første møte som blei overført på nett var kommunestyremøte 13.12.2016. Sidan den gong har kommunestyremøta blitt overført.
I mars 2020 kom pandemien, og smitteverntiltaka som vert innførte frå sentralt hald gjorde at kommune-norge måtte snu seg raskt rundt og finne andre løysningar. For Tysvær sin del var det ein stor fordel at me allereie hadde KommuneTV på plass. Dette gjorde at me kunne gjennomføre dei politiske møta, og samstundes få dei overført på nett slik at openheit ut mot innbyggjarar og andre interesserte vart ivareteke.
Etter kvart vart ga smitteverntiltaka høve til at ein kunne ha fysiske møter, men samstundes ikkje opning for at ein kunne samle for mange personar på ein gong. Dei politiske møta vart gjennomført i kommunestyresalen, med god avstand mellom medlemmene. Kommunestyresalen har dei tekniske løysningane med kamera og streaming-pc, og møta kunne derfor overførast på nett.
Når avstandkrava ikkje lenger var gjeldande var det eit ønske blant dei folkevalde å flytte møta tilbake til formannskapssalen, der møta vart gjennomført før pandemien. I samband med dette vart det også slutt på overføring av dei politiske møta på
Det er i hovudsak tre grunnar til dette:
I formannskapssalen er det ikkje montert teknisk utstyr som er tilpassa KommuneTV.
Det var ikkje lenger restriksjonar for å ha publikum til stades i møtet
Det er ikkje gjort eit politisk vedtak om kva møter som skal overførast på nett
Den same utfordringa var også gjeldande i nabokommunane. Administrasjonen har derfor samarbeida med nabokommunane for å utarbeide eit reglement for overføring av politiske møter. Det vil derfor bli lagt fram sak i kommunestyremøte i juni der kommunestyret skal vedta kva for politiske utval som skal overførast, samt reglement knytt til overføringa.