Vedtak
Kommunestyret vedtek forskrift om folkevalde si rett til godtgjersle, utgiftsdekning og velferdsgoder.
Forskrifta trer i kraft frå og med konstituerande møte 19.10.23.
Auke i kostnad på kr 400 000,- pr år vert innarbeida i budsjett 2024 – økonomiplan 2024-2027.
Presisering av fast godtgjersle: Dersom ein folkevald innehar verv som hovudutvalsleiar og formannskapsmedlem, skal vedkommande ha utbetalt fast godtgjersle for begge verva.
Oversendingsforslag:
Rådmannen blir bedt om at forskrift for folkevalgte si rett til godtgjersle, utgiftsdekning og velferdsgoder, blir behandla i kommunestyret i junimøte før valet.
Behandling
Ståle Berge (Ap) la fram følgjande fellesforslag frå Ap og KrF
§ 6-1: Dersom utvalsleiar i tillegg er medlem i formannskapet skal leiar ha kr 10 000,- ekstra i fast godtgjersle.
§ 6-3: * gjeld ikkje utvalsleiar, jf § 6-1
Per Johan Lyse (Sp) la fram følgjande oversendingsforslag:
Rådmannen blir bedt om at forskrift for folkevalgte si rett til godtgjersle, utgiftsdekning og velferdsgoder, blir behandla i kommunestyret i junimøte før valet.
Fellesforslag frå Ap og KrF, lagt fram av Berge, fekk 13 røyster (Ap, KrF og SV).
Formannskapet si innstilling fekk 16 røyster (H, FrP, Sp og V)
Kommunestyre sluttar seg samrøytes til oversendingsforslag lagt fram av Lyse.