Viltforvaltning


Alle dei skoglevande hjorteviltartane, elg, hjort og rådyr, har hatt sterk bestandsauke dei siste 20-30 åra. Det gjeld i landet generelt, også Tysvær.


Frå omlag 100 felte dyr i Rogaland tidleg på 70-talet vart det i 2006 felt over 1700 dyr. Ein stor del av desse blei felte i Vindafjord, men Tysvær og Suldal er også store hjortekommunar. Det meste av bestandsauken kan forklarast med tilgroing av skog, lite rovvilt og ei bevisst avskyting dei siste åra. Det siste vil ofte seie at ein har vore forsiktig med å felle "produksjonsdyra", dei vaksne hindene. Milde vintrar har truleg og ført til auka overleving dei seinare åra.
 

Hjort som løper over veien

Publisert 22.01.09