Val logo


Hovudprinsipp, lovgrunnlag
Den norske valordninga er basert på prinsippa om direkte val og forholdsval i fleirmannskrinsar. Direkte val inneber at veljarane røystar direkte på representantar for valdistriktet ved å gje røysta si til ei valliste. Forholdsval vil seie at representantane blir fordelte etter det innbyrdes forholdet mellom dei røystetala som dei enkelte vallistene får. Både politiske parti og andre grupper kan stille liste ved vala.

Ved stortingsval er landet delt inn i 19 valdistrikt som svarer til fylka, inkludert Oslo kommune som er eige fylke. Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Representantane blir fordelte mellom valdistrikta etter arealet i fylket og talet på innbyggjarar. Nitten mandat – eitt mandat frå kvart fylke – blir valde som utjamningsmandat.

Ved kommunestyre- og fylkestingsval blir representantar valde til kommunestyre og fylkesting. Kvar kommune og kvart fylke utgjer ein valkrins. Regelverket for kor mange representantar som skal veljast, går fram av kommunelova. Kommunestyret/fylkestinget fastset sjølv talet på representantar innanfor lovfastlagde minimumstal i forhold til innbyggjartalet i kommunen/fylket.

Valperioden er fire år for alle val. Val av kommunestyre og fylkesting blir avvikla samstundes og blir haldne midtvegs i stortingsperioden. Valdagen blir fastsett av Kongen til ein måndag i september, til vanleg i løpet av dei to første vekene av månaden.

Grunnlova har ein del grunnleggjande reglar om stortingsval. Dei nærmare reglane om gjennomføringa av val, både til Stortinget, fylkesting og kommunestyre, er samla i lov av 28. juni 2002 nr. 57 om val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre (vallova). Det er også fastsett ei forskrift som gjev nærmare reglar på enkelte område.

Publisert 14.04.09