Val vi har gjort på nettsida
Vi har i utarbeidinga av nettstaden forsøkt å følgje dei fleste krava som vert stilt av Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI), men nokre av dei er framleis ikkje innfridde. Nedanfor finn du ei forklaring på kvifor.
Forstørring av skrift - AAA
Du kan endre storleiken på skrifta på sida viss den er vanskeleg å lese. Dersom du vel å nytta AAA-ikonet på sida vår, kan du oppleva et teksten forskyv seg i forhold til rammesett (frameset) som er laga for nettsida.
Ein annan måte å endre storleiken på skrifta er å nytte nettlesarens eige verktøy. Dette gjer du ved å gå til menyvalet "Vis" eller "View" og vel "Tekststørrelse" eller "Text size".
Ein endå enklare måte kan vere å halda ctrl-knappen nede samstundes som du ruller på scrollerhjulet på musa for å endre skriftstørrelsen.
LOS-strukturen
Tysvær kommune har valt LOS-standard som menystruktur. Los er ei felles emneordliste for offentleg sektor for å beskrive offentlege tenester og å knyte informasjonsressursar til emneorda. I praksis blir eitt eller fleire emneord frå Los knytt til ein informasjonsressurs, og denne kan då delast med fleire gjennom dette emneordet.
LOS er særleg møtt med interesse av kommunane og mange har alt teke det i bruk i portalløysingane sine.
Kven er Los laga for?
• LOS har nytteverdi for innbyggjarar som treng å finne fram til offentlege tenester uavhengig av forvaltningsnivå og kjennskapen til offentleg sektor si organisering. LOS har eit brukarorientert vokabular - ikkje avsenderorientert.
• Nytteverdien av LOS er openberr for kommunane som nyttar LOS som standard for presentasjon av eigne tenester og til å integrere relevant statleg informasjon.
Dei statlege og kommunale etatane treng ikkje utarbeide eigen temastruktur frå bunn av, men kan ta utgangspunkt i LOS og byggje vidare på denne. Slik får offentleg sektor også ein felles kjerneterminologi. Det vert også lettare å gjenbruka og dele data med andre offentlege etatar som nyttar same struktur.
Leseweb
Tysvær kommune har som mål å implementera ”Leseweb” på nettstaden som eit middel til å forbetre den universelle utforminga av sidene.
Leseweb er ein serverbasert opplesingsteneste som nyttar talesyntese til å lese opp tekst frå nettsider. Det er ikkje ei erstatning for tradisjonelle skjermlesarar som dei synshemma bruker, men ei lesestøtte for personar som har ulike typar av lesevanskar og som ikkje har eigne hjelpemiddel.
Elektroniske skjema
Tysvær kommune har i dag over 60 ulike skjema tilgjengeleg på nettstaden. Pr. 25. mai er 6 av desse såkalla skjermdialogar, medan resten er i PDF-fomat. Nokre av PDF-skjemaene har aktive felt for utfylling på skjerm.
Tysvær kommune har som mål å vidareutvikle denne tenesta slik at flest mogeleg skjema vert implementert inn i nettløysinga.
Blogg og Chat
Tysvær kommune har i publiseringsverktøyet moglegheita til å ha både blogg, artikkelkommentering og chat på nettstaden. Kommunen vel inntil vidare å ikkje nytta denne kommunikasjonsforma, fordi ein fyrst ynskjer å kartleggje og definere kva type henvendingar som er arkivverdig. På sikt vil slike tenester vere tilgjengeleg, då med moglegheita til å nå ordførar, rådmann og Servicetorget til bestemte tider.
Utskriftsvennlege sider
Tysvær kommune har tilrettelagt nettportalen med utskriftsvennlege sider. Det vil seie at brukaren lett skal kunne ta utskrift av den informasjonen ein er på jakt etter utan å måtte skrive ut bilete, ikon o.s.v. Denne tenesta er implementert i nettlesaren, slik at ein bruker lesarens eigen utskriftsfunksjon for å skrive ut informasjonen.
HTML, ODF eller PDF
Tysvær kommune har valt å publisere alle dokument som blir lagde ut på nett i PDF. Årsaka til dette er at staten frå og med 01.01.09 innførte eit obligatorisk dokumentformat. Dette vil gjere det lettare for brukarane å få tak i dokument som blir lagt ut, fordi ein slepp problematikken rundt krav om programvare.
I nokre tilfelle der det er mest formålstenleg vil dokumentfilene bli publiserte i DOC, XLS, ODF eller ODS




