Utlån av kommunale lokale
Vi tilbyr utlån av kommunale lokale på Tysværtunet, Sandbekken leirskule og Avanti fritidsklubb.
Ulike lokale til ulikt bruk.
Tysværtunet kulturhus har gode møte- og konferanserom med trådlaust nettverk og anna utstyr som kan vere relevant for møteverksemd. Tlf 52 75 75 00
Sandbekken leirskule legg i Heskjadalen 13 km frå Aksdal. Ein idyllisk plass "langt inne i skogen". Her kan du ha møteverksemd og overnatting. Stova tek ca 50 personar.
Avanti fritidsklubb ligg på Frakkagjerd. Vi leiger gjerne lokala ut til barne-bursdagar der du vil ha skikkeleg diskotek, biljardbord og kiosk. Dette er eit kult festlokale! Prisen er berre kr 500,- for ein kveld. Ring klubbleiar Anne Kari Ullensvang tlf 40419945 for spørsmål og bestilling.
Publisert 10.02.09




