Den kulturelle skulesekken - "Tysværskreppå"
Tysværskreppå er Tysvær kommune sitt namn på Den kulturelle skulesekken (DKS). Ho femner om tilbod frå DKS Rogaland, Rikskonsertane, bLEST og lokale arrangørar.
Nasjonale målsettingar
Den kulturelle skulesekken skal
- Medverka til at alle elevar får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod.
- Leggje til rette for at elevane får lettare tilgang til å gjere seg kjende med kunst- og kulturuttrykk av alle slag, og få eit positivt tilhøve til kunst og kultur.
- Gjere sitt til at kunstneriske uttrykk blir innlemma som ein integrert heilskap for å nå læringsmåla i skulen.
Lokale målsettingar
På bakgrunn av nasjonale målsettingar og føringar frå Fylkesmannen, har Tysværskreppå følgjande satsingsområde:
- Utvikle og styrke kunst- og kulturfagleg kompetanse hjå elevane i tråd med læreplanverk.
- Gi elevane eit breitt spekter av kunst- og kulturuttrykk.
- God samhandling mellom skule og andre kunst- og kulturaktørar.
- Utvikle lokale DKS-arenaer og tilbod.
- Stimulere til elevaktivitet på skulane.
- Tiltaka skal avspegle kulturelt mangfald.
Kvar skule har ein kulturkontakt som skal gi informasjon om tilbod og formidla tilbakemeldingar frå elevane. Skulen sin administrasjon har saman med kulturkontakt og eventuelle elevarrangørar ansvar for å ta imot og leggje til rette for dei tilboda som kjem frå Tysværskreppå.
Publisert 12.01.09 av Tove Amundsen




