Brøyting og strøing av vegar
| Skildring av tenesta | Vinterdrifta av dei kommunale vegar omfattar brøyting, snørydding og bortkøyring av snø, samt strøing. Fortau og gang-/sykkelveier skal brøytast og strøast så godt at fotgjengarar ikkje går i køyrebana. Strøing vert utført som punktstrøing; det vil seia at det vert strødd i bakkar, svingar og inn mot kryss. Under vanskelege køyretilhøve strøs heile strekningar samanhengande. Strøinga skal vere så god at vanleg vinterutrusta køyretøy kjem fram. Fortau og gangveg skal vere så godt strødd at gåande ikkje vel å gå i køyrebanen. |
| Målgruppe | Trafikantar |
| Kriterium/vilkår | Brøyting på kommunale vegar startar når det er fem cm snø på vegbanen. Vegane skal normalt vere gjennombrøyta til klokka 07.00. Eigedomar som ligg langs kommunal veg må pårekne å få brøyta snø inn i innkjørsler og langs eigedomen som ligg inntil vegen. Grunneigaren må sjølv rydde eigen innkjørsel. |
| Samarbeidspartnarar | I tillegg til eigne mannskaper vert det leigt inn ca 7 private einingar (maskin og mann). |
| Kontakt oss | Servicetorget |
| Ansvarleg eining | Drifts- og vedlikehaldsavdelinga |
| Telefon | Vakttelefon 950 92 777 |
| E-post | kundetorg@tysver.kommune.no |
Publisert 04.03.09



