Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Næring

Tysvær kommune ynskjer å vere ein god stad å etablere og drive næringsverksemd gjennom å yte næringsdrivande god service, leggje til rette og bidra til ei god forvaltning av næringsrelaterte oppgåver.

Haugaland Vekst yter næringsservice for Tysvær kommune og har i 2010 - 11 utarbeida ”Næringsplan for Tysvær 2011 – 2014”.

Tysvær kommune ligg strategisk til særlig i forhold til kommunikasjon og samferdsel. I tillegg ligg kommunen tett opp mot regionsenteret Haugesund. Desse faktorane gjer kommunen interessant både i forhold til næringsetableringar og busetting. Særleg den ytre delen av Aksdal med kryssing av E134 og E39, og etter kvart Slåttevik-området med T-forbindelsen og Haugaland Næringspark, står kommunen meir og meir fram som eit trafikk-knutepunkt. Ein framtidig etablering av Rogfast svekker heller ikkje dette bildet.

Viktige aktørar som Statoil/Gassco på Kårstø og Haugaland Næringspark på Gismarvik ligg innanfor kommunegrensene. Desse er og vil bli viktige motorar for næringsutviklinga i kommunen og regionen. Kommunen har også satt i gang utviklinga av Aksdal Næringspark og småbyen Aksdal, tiltak som styrkjer Aksdal som kommunesentrum, men som også bidrar til ytterligare næringsutvikling i kommunen.

Sjå ”Næringsplan for Tysvær kommune 2011 – 2014” for meir informasjon om næringslivet i Tysvær og på Haugalandet.

kaarstoe
Kårstø (Foto: Naturkraft)