Stønad til einsleg forsørgjar
Stønad til einsleg mor/far skal sikre inntekt for dei som har åleineomsorg for barn.
Kven kan få stønad?
Ein må vere ugift, skilt eller separert. Ein må og vere åleine om omsorga og fylle d og fylle vilkåret om ikkje å leve saman med den andre av barnets foreldre. Dersom ein er sambuar og har hatt det i 12 av dei siste 18 månadene har ein heller ikkje rett til stønad. Ein må ha vore medlem i folketrygda dei siste tre åra og den stønadsberettiga og barnet må bu og opphalde seg i Norge. Nokre av vilkåra kan fråvikast etter bestemte reglar.
Alle som får stønad som einsleg mor eller far, må melde frå til NAV lokalt om endringar som kan ha noko å sei for retten til stønad eller storleiken på denne.
Publisert 16.02.09



