SFO - Skulefritidsordning
Tysvær kommune gjev elevar i 1. til og med 4. klasse tilbod om Skulefritidsordning i samsvar med opplæringslova.
Skulefritidsordninga skal gje barn som har trong for det, ein trygg stad å vere før og etter ordinær skuletid.
Alle som treng det får plass i SFO i Tysvær. Inntak til SFO skjer i starten av kvart halvår, og ein må søkje for kvart skuleår. For meir informasjon om SFO ordninga; ta kontakt med den den einskilde skule.
Søknadsfrist og betalingssatsar - 2009/2010
Kommunestyret har i budsjettvedtak for 2009 vedteke at betalingssatsane i SFO skal aukast med 5 % frå 01.08.09.
Søknadsfristen er sett til 15. mars.
Søknadsskjema får ein ved å venda seg til skulen til barnet.
Prisar:
| Timar |
Pris pr. månad (ordinært tilbod) |
Pris pr. månad (utvida tilbod) |
| Til og med 12 t/v |
TBO2 - Kr. 1157 |
TBU2 - Kr. 1620 |
| Meir enn 12 t/v - til og med 20 t/v |
TBO3 - Kr. 1620 |
TBU3 - Kr. 2083 |
| Meir enn 20 t/v |
TBO4 - Kr. 2083 |
TBU4 - Kr. 2546 |
Det blir gitt søskenmoderasjon på 25 % frå og med 2. barn i SFO.
TB02 osv. = SFO fylgjer
TBU2 osv. = SFO heile året utanom 4 veker i juli, juleafta, romjula, nyttårsafta og i påskeveka.
Både i ordinær og utvida SFO er det fri på skulen sine planleggingsdagar.



