Rehabilitering
Resultatområdet rehabilitering
Resultatområdet har følgjande prioriterte områder for å gje best moglege tenester til innbyggarane i Tysvær kommune:
- Gje personar med funksjonshemming moglegheit for ein sjølvstendig livsform, brukarmedverknad, eigenomsorg og
livskvalitet.
- Leggja til rette for at personar som treng omfattande tenester over lengre tid og som har behov for koordinerte tenester kan
få utarbeidd ein individuell plan.
- Gje avlastningstiltak til personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsarbeid.
- Gje eit forsvarleg tilbod innan rehabilitering, førebygging innan fysio- og ergoterapi.
- Førebyggje psykiske lidingar hos barn, unge og vaksne.
- Sikre eit kvalitativt tilfredstillande tilbod gjennom jordmorteneste, helsestasjon og skulehelseteneste.
- Gi tilbod om tilrettelagt arbeid til dei som har behov for det.
- Gi tilbod om legeteneste på høgt nivå.
- Fremja økonomisk og sosial tryggleik for dei med låg eller inga inntekt
- Vere pådrivar i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
Seksjon butiltak
- Organiserer bustadtilbod til barn, unge og vaksne med funksjonshemmingar
- Miljøterapiteneste på døgnbasis
- Førebygging og rehabiliteringsseksjonen
Seksjon førebygging og rehabiltering
- Helsestasjon - og skolehelseteneste
- Psykisk helseteneste
- Fysio- og ergoterapiteneste
- Avlastningstenester
- Støttekontakt
- Omsorgsløn
- Individuell plan
Seksjon sosialetenester
Gjennom råd og rettleiing og ulike tiltak skal sosialtenesta vera med å fremje sosial tryggleik og betra levekåra for vanskelegstilte. M.a. sikre ei minste økonomisk standard til dei med låg eller inga inntekt, og bidra til at dei med rusrelaterte problem får nødvendig hjelp.
Arbeidstiltak
Tysvær Vepro
Vi kan tilby arbeidstrening og arbeidspraksis for sosialt vanskelegstilte, personar med utviklingshemming, personar med psykiske lidingar og personar med yrkesvalhemmingar.
Arbeidspraksis og praktisk yrkesopplæring i samarbeid med Opplæringsenteret som ligg i same hus.
Gjennom eigen produksjonsverksemd utfører vi tenester for kommunen og kan slik tilby yrkesvalhemma interessante og varierte arbeidsoppgåver.
Tysvær Vepro har ved til sals.



