Psykisk helse
Psykisk helseteneste skal tilretteleggje for utvikling og meistringstiltak i heim, arbeid og fritid saman med brukaren for å yte hjelp til menneske med psykiske lidingar.
Målet er at kvar enkelt skal kunne meistre tilværet og nytte sine resurssar slik at dei kan ha eit meiningsfylt liv i lokalsamfunnet.
Tysvær kommune har fleire hjelpetilbod til barn, ungdom og vaksne som har psykiske vanskar eller er i psykisk krise. Du kan kontakte dei ulike stadane for å få råd/rettleiing eller be om konkret hjelp. Nedanfor finn du meir informasjon om dei ulike tenestetilboda som kommunen har. Vi har også lagt ut referansar til tilbod i regi av andre enn kommunen, samt lenker til nettstader der du kan finne meir informasjon om psykisk helse.



