Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Innbyggerinitiativ

i kategorien Innbyggarinitiativ

Innbyggarinitiativ betyr at du som innbyggar i kommunen kan setje fram politiske spørsmål som du er oppteken av, på den politiske dagsordenen.

 
Innbyggarinitiativet vart innført gjennom ei lovendring i kommunelova sin § 39a som trod i kraft 01. juli 2003.
Initiativretten er meint som eit verkemiddel for å få fremja nye saker. Initiativretten er ikkje meint som ein adgang til å få ta avgjorte saker som ein har vore usamde i utfallet av, opp på nytt.

 
Det er ikkje eit krav at dei som står bak forslaget har stemmerett. Det betyr at forslag kan fremjast også av personar under 18 år.
 
Kva kan forslaget handle om?
Kommunestyret pliktar å ta stilling til eit forslag som gjeld kommunen si verksemd.

Krav til talet på underskrifter
Eit forslag må støttast av minst to prosent av innbyggarane, likevel er 300 personar i kommunen alltid nok.

Tidsfrist
Kommunestyret skal ta stilling til forslaget seinast 6 månadar etter at det er fremja.


Tilbakemelding til initiativtakarane
Initiativtakarane skal informerast om dei avgjersler som vert treft og dei tiltak som gjennomførast som følgje av forslaget. Initiativtakarane må opplyse om kven som er talspersonar for initiativet slik at desse kan underrettast.


Avgrensingar i adgang til å fremje forslag på nytt
Eit forslag med same innhald kan ikkje fremjast to ganger i løpet av same valperiode. Eit forslag kan heller ikkje setjast fram på nytt før det er gått fire år sidan forslaget sist vart fremja, sjølv om saken forslaget gjeld ikkje har vore teke opp på bakgrunn av eit innbyggarinitiativ.
Det er likevel ingenting i vegen for at kommunestyret tek saka opp til ny vurdering - når dei måtte ønskje det.


Ingen klageadgang
Initiativtakarane har ikkje krav på noko bestemt utfall av saka.
Eit forslag som er fremja som innbyggarinitiativ og som vert nedstemt i kommunestyret, kan ikkje påklagast med mindre dette følgjer av andre reglar.


Meir info: Veileder - Innbyggerinitiativ og Kommuneloven § 39a (Kommunal- og regionaldepartementet).


Kor sendast forslaget?
Forslaget med underskriftsliste sendast Tysvær kommune manuelt via Posten til:
 
Tysvær kommune
Pb. 94, Rådhuset
5575 Aksdal