Politisk styre

Kommunen blir styrd av lokalpolitikarar med kommunestyret som øvste mynde. Kommunestyret blir valt av innbyggjarane i kommunen for fire år om gongen.

Innbyggjarane i kommunen går til valurna og avgir si stemme i kommunestyrevalet. Det nyvalde kommunestyret vel så formannskap, ordførar, varaordførar, hovudutval og andre styre, utval og råd for same fireårsperiode.

Kommunestyret legg rammene og trekkjer opp retningslinene for kommunen si verksemd og avgjer kva ansvarsområde og kva fullmakter formannskapet og dei faste utvala skal ha.

Administrasjonen skal gjennomføre planar og vedtak som vert gjort politisk.

Ordførar i Tysvær kommune er Harald Stakkestad (H).

Harald Stakkestad vart første gong valt inn i kommunestyret i 1991. Han var medlem av kulturstyret i to periodar frå 91 - 99, og var medlem av formannskapet i perioden 1999 - 2003. Han var leiar for helse- og omsorgsutvalet i kommunestyreperiden 2003 - 2007. Harald Stakkestad blei valt til ordførar etter kommunevalet i 2007.
 

Publisert 15.12.08