Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Politisk styre

Kommunen blir styrt av lokalpolitikarar med kommunestyret som øvste mynde. Kommunestyret blir valt av innbyggjarane i kommunen for fire år om gongen.

Innbyggjarane i kommunen går til valurna og avgir si stemme i kommunestyrevalet. Det nyvalde kommunestyret vel så formannskap, ordførar, varaordførar, hovudutval og andre styre, utval og råd for same fireårsperiode.

Kommunestyret legg rammene og trekkjer opp retningslinene for kommunen si verksemd og avgjer kva ansvarsområde og kva fullmakter formannskapet og dei faste utvala skal ha.

Administrasjonen skal gjennomføre planar og vedtak som vert gjort politisk.

Ordførar i Tysvær kommune er Sigmund Lier (AP).