Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Servicetorget

Servicetorget er Tysvær kommune sitt kontaktledd mot innbyggjarane. I tillegg til saks- og kundebehandling er sentralbordtenesta og turistinformasjonen lagt til servicetorget. I sommarsesongen, frå juni til august, er turistinformasjonen bemanna med eigne turistvertar.

Servicetorget tilbyr fylgjande kommunale tenester:

  • Tek imot henvendingar til kommunen per telefon, e-post og personleg frammøte
  • Rettleiar ved alle typar søknader
  • Sentralbordteneste
  • Heilårleg Turistinformasjon, med utvida bemanning med turistvert på sommarstid
  • Likningskontoroppgåver ihht avtale med Skatt Vest
  • Rettleiing og registering av Bustøtte
  • Rettleiing og behandling av søknader om Startlån
  • Behandlar søknader om tilskott il tilpasning av eigen bustad
  • Rettleiing i bygg og delesaker og oppmåling, samt kommunale planverk
  • Kontrollerer innkomne søknader bygge/delesak
  • Rettleier vedrørande spørsmål om eigedom, kart og planverk
  • Saksbehandlar saker etter § 20.2 i Plan- og bygningslova
  • Tek ut  nabolister, kart og reguleringsplanar på etterspørsel
  • Signerer søknader om konsesjonsfritak
  • Gir informasjon om byggjefelt, eksisterande og nye planar
  • Ansvar for tomtesal/ tilbakekjøp av kommunale tomter
  • Gir informasjon om kommunale avgifter/gebyr
  • Infoland-sal av eigedomsinformasjon til meglarar
  • Matrikkelføring
  • Utvalgssekretariat for teknisk utvalg
  • Saksbehandlar søknader om parkeringskort for forflytningshemma
  • Ansvar for tolkebestillingar
  • Oversikt over barnehagar, prisar og ledige plassar
  • Rettleiar ved søknad om barnehageplass
  • Utleige av leirstadene Sandbekken og Svebakken
  • Ansvar for utleige av møterom på Rådhuset
  • Utsending av Kulturposten og anna informasjon til lag og foreiningar
  • Salg av bygdebøker og friluftskart
  • Utleige av kanopakke til skular og lag/foreiningar
  • Fordeler tilskott til Trus- og livssynssamfunn i tråd med sentrale direktiv
  • Sal av matavfallsposar og søppelsekkar
  • Sender ut velkomstmapper til nytilflytta til  kommunen
  • Rettleier ved søknad på stillingar i Tysvær kommune
  • Kopierer/attesterer med «Rett kopi»
  • Ansvar for ekstern informasjon via kommunen si internettside: Tysver.kommune.no
  • Tilbyr Fri Rettshjelp til kommunens innbyggjarar i samarbeid med to advokatfirma
  • Har generell kunnskap om dei ulike resultatområda, og formidlar kontakt til rette vedkomande i saker der Servicetorget ikkje kan hjelpe
  • Diverse interne støttetenester

Servicetorget02

Servictorget har generell kunnskap om dei ulike resultatområda og fagkontora slik at publikum vert vist til rette instans/rette vedkomande.