Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Økonomikontoret


Økonomikontoret er ei stabseining som har eit overordna ansvar for kommunen si økonomiforvaltning. I dette ligg eit særleg ansvar for å leggje til rette for ei best mogleg ressursutnytting i samsvar med gjeldande rammer, lovar og regelverk.

Økonomikontoret skal utarbeide gode rutinar og retningslinjer for kommunen sin økonomiforvaltning.

Økonomikontoret skal bidra til at leiarar har tilstrekkeleg kompetanse til å ivareta sitt økonomiansvar. Økonomi drift skal gje råd til linja i spørsmål som gjeld budsjett og rekneskap.

Innkjøp skal hjelpe einingane i kommunen med alt frå rådgjeving til direkte deltaking i samband med gjennomføring av anskaffingar.

Løn har ansvar for utbetaling av rett løn til rett tid.

Leiar av økonomikontoret er Tor Leif Helgesen.