Om kulturskolen

Tysvær Kulturskole vart skipa i 1975 og vert driven av Tysvær Kommune. Skolen har rundt 300 elevar og held for det meste til på Tysværtunet i Aksdal, men det er også undervisning enkelte andre stader i kommunen.

Verksemda er delt inn i 4:
Musikk, Dans, Teater og Visuelle kunstarter 

Vi tilbyr undervisning frå 0 år, Musikk i livets begynnelse, og heilt opp til pensjonistalder, Data-kurs for pensjonistar.
Den viktigaste oppgåva vår er likevel å gje barn og ungdom eit meiningsfylt tilbod på fritida der deikan lære å uttrykkje seg innanfor dei områda dei får opplæring. Dette kan vere starten på noko som ein har med seg eit heilt liv og er med på å gje dagleglivet innhald.

Forventningar frå kulturskolen
Det er frivillig å gå i kulturskuen. Men har ein teke imot plass, forventar skolen at ein tar med dei forpliktelsane som følgjer med plassen. Dette gjeld t.d. øving, oppmøte og nødvendig utstyr. For dei yngste elevane på instrument er det heilt nødvendig at foreldra hjelper til med dette.

Vi vil også at elevane i kulturskolen skal ta del i dei arrangementa kulturskolen står for der dette er naturleg.

Samarbeid med andre
Tysvær kulturskole samarbeider med Førre skole, Førre skolekorps og drillkorps og Grinde skolekorps om lærerkrefter.


 

Publisert 03.03.09