Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Visjon og mål

Visjonen til Tysvær er ‘aktivitet og trivsel’.

Det er ønskeleg at visjonen er med på å gi ei tydelig retning for kommunen si ønska satsing og utvikling.

Tysvær kommune har dei siste åra arbeida med eit omdømmeprosjekt der det er laga materiell som skal nyttast til profilering og representasjon. Eit godt omdømme kan trekke til seg fleire innbyggarar, arbeidskraft, bedrifter og turistar, og det bidrar til å bygge ein felles identitet og stoltheit blant innbyggarane.

Slagorda som blir brukt i omdømmeprosjektet er:

Godt å leve
Mykje å oppleve
Kjekt å jobbe

Kommuneplannemda foreslår at visjonen for Tysvær vert vidareført og utvida til: Aktivitet og trivsel i Tysvær!

Visjonen skal nyttast saman med slagorda i omdømmeprosjektet og vise igjen i nytt brosjyremateriellet som vert laga.