Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

17.mai program !

 17 mai flagg

Kl: 10:30
Tog frå Tveit til Nedstrandstunet

Korpset spelar
Gratulerer med dagen og utdeling av blomar
Song med skuleelevar
Klasserop
Toget går vidare til kyrkja

kl 1130

Gudsteneste i Nedstrand kyrkje ved Olav K Tangeland Tog frå kyrkja til Tveit

Kl 1245

Velkommen til Tveit.
Tale for dagen med Gunnar Baustad
Kafe` og kiosk
Leikar og konkurransar

Kl 1500 Premieutdeling og avslutning

 

Kunstprosjekt Nils Henrik Abel

8. og 9.trinn har hatt eit kunstprosjekt med Axel Rios. Resultatet kan de sjå
både ute og inne! Ved inngangsdøra heng no portrettet til matematikaren
Nils Henrik Abel i rusta stål, og inne i gongen kan de sjå delar av eit kladdeark han
har rekna på, samt portrettet hans i tre. To veldig kjekke dagar og eit flott resultat!
Kom innom og sjå!

 FullSizeRender 18 image1 11 

Høyr intervju med Marianne Losnegård på Radio 102 her :
Fleire bilete på neste side.

Påskelunsj

Fredag  påske hadde skulen sin tradisjonelle påskelunsj.Takka vere gode sponsorar frå nærmiljøet kunne vi by på både røykelaks frå Marine Harvest,sunne brød frå alle Joker butikkane, og kortreiste egg frå  Svanhild D Lie.
Tusen takk til dei som gjør dette mogleg for oss  !

Redigert forsidebilde

Hemsingsøstrene

Idag var vi  så heldige å få besøk av Hemsing-søstrene. Dei reiser rundt i heile verda og spelar med dei beste orkestra som finst.Dei kunne spele eit tema (kort melodi) på mange forskjellige måtar, trist, glad, lekande og sint.
Eit imponerande møte med desse to som viste kunsten på både fiolin og hardingfele.

Elevane var veldig flinke til å lytte til.

006 Small  007 Small 

 

VINTERLES

er leseprosjektet «Vinterles» ferdig for i år, men for eit år! Me har lese høgt, lågt og fleire har brukt lydbøker.1.-7. klasse på Nedstrand barne- og ungdomsskule har 98 elevar og dei har til saman lese, eller blitt lesen for, 103.433 sider!

Me har fleire elevar som har lese mellom 3.000 og  5.000 sider, på desse 6 vekene!

Tirsdag fekk dei armbånd med trykk der det står Vinterles.
Randi på biblioteket og vi andre er rett og slett skikkelig imponert !

IMG 0134  IMG 0149