Søknad på ledige stillingar
Ta deg tid til å lese gjennom teksten nedanfor INNAN du startar å søkje! For å søkje, må du vere innlogga som brukar.
SØK ledig stilling her
Dersom du ikkje allereie har brukarnavn og passord kan du opprette dette under Ny brukar.
NB! Notér brukarnavn og passord til innlogginga etterpå. Hugs å logge deg ut dersom du nyttar PC som står på ein offenleg stad, slik at ikkje andre får tilgang til dine personalopplysningar.
Tilsett eller tidlegare tilsett
Om du er eller har vore tilsett i Tysvær kommune tidlegare, må du velge "glemt passord", og du vil då få dette tilsendt på e-post.
Dersom du er tilsett ,og ikkje registrert med e-postadresse, eller har endra e-postadresse, får du informasjon om brukarnavn og passord hos Servicetorget på tlf. 52 75 70 00. Du vil då få tilsendt nytt brukarnavn og passord.
TIPS til søkjeprosessen
NB! Du MÅ fylle ut informsjon i alle felta. Dersom du til dømes ikkje har adresse, legg inn eit tomt mellomrom eller ein bokstav.
Du MÅ leggje inn fullverdig CV og søknad! Det er ikkje tilstrekkeleg å vise til tidligare søknader eller vedlagt CV.
Du er sjølv ansvarleg for å halde CVen oppdatert, og det er den sist lagra versjonen som gjeld.
Vedlegg skal du kun ta med til eventuelt intervju.
For å byrje å søkje >> klikk på den aktuelle stillinga og logg inn.
Assistanse?
Dersom du treng hjelp til å søkje stilling elektronisk, kan du vende deg til Servicetorget på Rådhuset.
SØK ledig stilling her



