Song og musikkaktivitetar for born 0 – 5 år

Våren 2010: For ditt barn har du den vakraste stemma i verda, så kom med den stemma du har.
Tysvær kulturskole har følgjande tilbod for born mellom 0 og 5 år:
Musikk frå livets begynnelse (Foreldre/barngrupper):
Tidleg samspel, Voggestova 1, Voggestova 2, Songleik 1 og Musikk- og Danseleik 3-4 år (med foreldre).
Her får du ei hyggjeleg musikkstund saman med barnet ditt. Vi tar for oss rim, regler, bånsullar, barnesongar, bevegelses-leiker og litt musikklytting. Vi krydrar med enkle instrument, både born og vaksne får vera med å spele. Jo større borna er, jo meir får dei spele sjølve.
Di stemme er den vakraste for barnet ditt, så kom med den stemma du har. Du er sjølvsagt også velkomen dersom du ikkje tør syngja i lag med andre. Det kan jo vera fint å lære songar du kan syngje heime. Aktivitetane styrkar barnet si utvikling på alle område.
På ”Tidleg samspel” har vi og babymassasje i samarbeid med fysioterapeut.
Danselærar er med på Musikk- og Danseleik 3-4 år. Her skal og foreldra vera til stades.
Gruppene blir leia av ein musikkpedagog med spesialisering og vidareutdanning innan musikk med dei minste og foreldra deira.
Yngre sysken kan ikkje vera med på songleik- gruppene, med unntak av spedborn.
Her er det god anledning til å treffe og bli kjent med andre som er heime med små born. Det er sett av tid til sosialt samvær i samband med samlinga på føremiddagsgruppene.
NB! Det tas atterhald om endringar i programmet.
| Gruppe | Alder | Tidspunkt | Oppstart |
| Tidleg samspel | 0-5 mnd. | Torsdag 14.00-15.00 | 8. april 2010 |
| Voggestova 1 | 3–6 mnd. | Torsdag 12.30-13.30 | 8. april 2010 |
| Voggestova 2 | 7–12 mnd. | Torsdag 10.30-11.30 | 4. mars 2010 |
| Songleik 1 | 1 og 2 år | Torsdag 9.30-10.15 | 4. februar 2010 |
|
Musikk- og danseleik |
3 og 4 år | Måndag 18.05-18.50 | 4. januar 2010 |
Alle aktivitetane er frå januar 2010 samla i Aksdal gamle barnehage.
Det er plass til max. 10 deltakarar i kvar gruppe. Påmelding er bindande for kvart kurs. Det er påskeferie 29.mars - 5.april.
Pris:
Voggestova kr. 560,00 (10 veker)
Songleik kr. 820,00 (16 veker / halvt år)
Syskenmoderasjon
Når fleire sysken er elevar i kulturskolen, vil nr. 2, 3 og vidare få 25% reduksjon i elevpengane.
Skriftleg påmelding til Tysvær kulturskole, Postboks 93, 5575 AKSDAL
Spørsmål kan rettast til Ingunn Frøyland privat, tlf. 52 77 75 86.
Påmeldingsfrist: Me tar imot elevar så lenge det er ledige plasser. Folk busett i Tysvær har første prioritet.



