Fritidskontakt

Fritidskontakt
Skildring av tenesta Fritidskontakt for psykisk utviklingshemma er engasjert gjennom kulturkontoret og har som oppgåve å gi ein eller fleire utviklingshemma støtte og bistand i forhold til aktuelle kultur- og fritidstilbod. Avlønninga skjer på timebasis som p.t. utgjer kr. 114,71 pr. time (kr. 103,23 for dei mellom 16 og 18 år). Det vert og gitt køyregodtgjersle og utgiftsdekning.

For å bli fritidskontakt bør ein være 18 år og ha førarkort, men dette er ingen føresetnad. Ein må være stabil, påliteleg og interessert i å arbeide med menneske. Søkjar blir innkalla til samtale hos saksbehandlar.
 

Målgruppe Alle
 
Kriterium/vilkår Støttetiltak gjeld for personar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming.
 
Tilsvarande tenester Følgjekort
 
Gjeldande lover og regelverk Lov om sosiale tenester §4.3 jfr. §4.2.c
 
Søknadsskjema
 fritidskontakt_avtale.pdf (24kb)

 
Søknadsfrist Ingen søknadsfrist, men fornying av avtaler/vedtak skjer primo januar og juli.
 
Søknad sendes til Kulturkontoret
Postboks 93
5575 Aksdal
 
Klagerett Klagefrist 3 veker frå vedtak er mottatt. Klageinstans er Fylkesmannen.
 
Merknader Foruten fritidskontakt kan vi også tilby ulike grupper og aktivitetar for utviklingshemma. Ta kontakt med kulturkontoret eller sjekk aktivitetsoversikt utviklingshemma
 
Kontakt oss Tysvær kulturkontor
 
Ansvarleg eining Resultatområdet kultur
 
Kontaktperson Marit Ragnhild Lothe
 
Telefon 52 75 75 55
E-post marit-ragnhild.lothe@tysver.kommune.no
Publisert 02.03.09