Musikkbinge på Tysværtunet

På parkeringsplassen aust for Tysværtunet står det no ein såkalla Musikkbinge.
Musikkbingen er 2 industricontainere som saman utgjer eit proffesjonelt musikklokale med alt naudsynt utstyr til øving!
Det er ein god del ”kjellarband” i kommunen. Desse banda består både av ungdomar og vaksne som bruker mykje tid på øving og musikk. Kommunen ønskjer at tiltaket med musikkbingen får kjellarbanda opp i lyset og få dei til å øve i same lokale.
Det er to gode grunnar til at band/musikarar bør benytta musikkbingen. Før det første får banda eit veldig bra lokale å øve i, og for det andre ein moglegheit å treffe likesinna. På denne måten vil ein og utvikle musikkmiljøet og interessen for musikk i kommunen.
Tysværtunet vil ordna det praktiske rundt musikkbingen med tildeling av tider, sjå til at utstyr er i orden og at det er reint og ryddig i lokalet. Det er ikkje sett nokre aldersgrenser for bruk av bingen.
Musikkbingen er fullt utstyrt med slagverk, songanlegg og forsterkarar. Dersom du ikkje har instrument sjølv kan du låne på biblioteket (to gitarar og ein bass). Vaktmester på Tysværtunet kan ta imot/levere ut instrument i dei tidene biblioteket ikkje har ope. Vi vil etter kvart også selge gitarstrenger, plekter og trommestikker.
Lån av musikkbingen er gratis! Les meir på www.musikkutstyrsordningen.no
Ta kontakt med Tysværtunet på tlf 52 75 75 00 eller booking@tysver.kommune.no





